Tysdag 3. desember skal den nye abortlova opp til avstemning i Stortinget. Menneskeverd har satt i gong ei underskriftskampanje mot utviding av abortgrensa frå 12 til 18 veker. Underskriftskampanjen har på under ei veke fått over 38 400 underskrifter.

-Det er fleire eksempel i historia på at underskriftskampanjer har hatt ei stor betydning for kva beslutning ein landar på, så dette er ei muligheit for befolkninga til å gje ei direkte melding til politikarane utanom val. Det vi opplever er at mange reagerer på at desse endringane skjer utan at det er opplyst om kor radikale desse endringane er, ved å utvide abortgrensa til veke 18 då fosteret er nær levedyktig, fortel Morten Dahle Stærk, generalsekretær i Menneskeverd.

Eit foster sitt hjarte startar å slå når det er tre veker gamalt, og alle organ er ferdig utvikla når det er sju veker. Etter 12 veker utviklar og modnast organa meir og meir, og einaste grunnen til at eit foster ikkje reddast før veke 18 er at lungene ikkje er ferdig utvikla. I den nye lova er det fleire underpunkt som skal stemmast over, blant anna forsterka rett til veiledning både i forkant og etterkant av abort. Det skal også stemmast over at det å kunne reservere seg som helsevesen for gjennomføring av abort skal lovfestast.

-Vi meinar at det er fleire gode forbedringar med det nye lovforslaget, men at dei kan forbedrast utan å utvide abortgrensa til veke 18, seier Dahle Stærk.

Underskriftskampanjen til Menneskeverd på nettsida abortgrensen.no er tilgjengeleg for underskrifter til iallfall 27. november, og så kjem det an på når Menneskeverd får eit møte for overlevering av underskriftene til Helsekomiteen.