Dei fyrste forestillingane av pasjonsspelet i Oberammergau har blitt framført, etter to års venting på grunn av pandemien. Spelet blir framført kvart tiande år, og det har blitt framført sidan 1634 då 42 gongar. Spelet kom i stand som takk til Gud for å ha spart dei for ein pest som herja i området, og blir spelt av fleire hundre amatørar som har vakse opp i landsbyen.
Arild Ove Halås har vore på tur og sett spelet i midten av mai, og vi har tatt ein prat med han for å høyre korleis den opplevinga var.