– Hjarteleg tusen takk, det var som bestilt, sa Aud Gule Sæbjørnsen, då ho fekk vinnarstolen levert på døra. I mars og april hadde Radio Sunnmøre ei fast givar -kampanje, der det meldte seg 60 nye givarar og ni givarar som auka sitt beløp. I ei trekning av ein Falcon First stol til ein verdi av 26. 000 kroner var det Aud Gule Sæbjørnsen som vart den heldige vinnaren. Are Bakke tok ein tur for å overlevere gevinsten til vinnaren på Harøya, og det var ein nøgd vinnar som mottok stolen. Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre.