I helga blir det seminar om å vere ein trygg vaksen for den komande generasjonen, med fokus på kropp, identitet og seksualitet, i Pinsekirka Filadelfia Ålesund. Laurdag skal Alexis Lundh, leiar for Heltfri i Tro & Medier ha seminaret «En bedre historie». I tillegg til dette blir Lundh med på ungdomskvelden fredag og to gudstenester søndag.

I eit intervju på Radio Sunnmøre fortel Alexis Lundh at han vil fortelje om det som er sant, og ei betre historie, når han denne helga kjem til Pinsekirka Filadelfia Ålesund.