Om ein månads tid reiser Ea Støre ved Spjelkavik vidaregåande skule og Angelica Farstad Fagerheim ved Borgund vidaregåander skule til Kenya. Der skal dei få bli kjend med NSP Aid sitt arbeid blant barn. Per Gunnar Hamnøy har tatt ein prat med jentene om deira forventningar rundt turen. Fleire vidaregåande skular på Sunnmøre har NSP aid som sitt bistandsprosjekt gjennom skuleåret, og dermed er Ea og Angelica to av dei elevane som får vere med til Afrika og sjå prosjekta på nært hald. Jentene har pakka med seg leiker, kle og blant anna neglelakk til glede for borna i Kenya.