Vi er tilbake med nye episoder av serien Sjømannspresten, der vi høyrer korleis arbeidet til Kristianne Stendal Lothe og Annstein Lothe er i Sjømannskyrkja på Pattaya i Thailand. Etter nokre månader heime i Noreg på ferie er no ekteparet tilbake i Thailand, og det fyrste dei fekk delta i var å lage til ei adventstid og julefeiring i kyrkja.
I årets fyrste intervju får vi høyre om både førjulstida og julekvelden, og ein oppdatert status på korleis arbeidet går i ei pandemitid.
Årets fyrste prat er med Kristianne Stendal Lothe.
