Udir, Bufdir og private sponsorar gjer at Barnevakten no tilbyr eit gratis foredrag som skal førebygge nettmobbing, hatprat og utanforskap blant ungdom. Ung på nett har blitt namnet på opplegget, og ein har lagt opp til ulike typar opplegg etter målgruppe. Lærarkurs, kveldsskule for elevar og lærarar, gamingkveld med foreldre og lærarar og ulike typar læringsressursar. Målet er å mobilisere for ein tryggleik på nett for ungdom, og mobilisere både foreldre, lærarar og elevane sjølve til dette.
Vi har tatt ein prat med dagleg leiar i Barnevakten, Leif Gunnar Vestbøstad Vik.