Søndag 3. september blir systrene Anne-Helen Roaldsnes og Gunnhild Roaldsnes Bremer ordinert til prestar i Møre bispedøme. Det heile skjer i heimkommunen deira i Valderøy kyrkje.

Anne-Helen Roaldsnes utdanna seg fyrst til lærar og tok mastergrad innan den retninga, medan systera Gunnhild Roaldsnes Bremer gjekk vegen mot bibeloversetjing og misjonering i andre land. For nokre år sidan starta dei begge på det praktiske studiumet for å bli prest og saman har dei gått vegen til fyrstkomande festsøndag. Dei er begge plassert i Møre bispedøme, Ann-Helen i Ellingsøy/Borgund og Gunnhild i Giske.

I eit lengre intervju med systrene får vi høyre meir om korleis dei begge fekk smaken på presteyrket, og litt om korleis ordineringa skal foregå.