Identitet og undring over det som står i Bibelen er i fokus denne veka når Victor Haram held ord til ettertanke. I rundt 20 år var Haram tilsett i Radio Sunnmøre, og no er han lærar ved Ålesund vidaregåande skule. Det å hjelpe ungdom å finne eigen identitet og vere med dei på vegen gjennom vidaregåande er noko han no ser stor verdi i. Den kristne trua gir Haram ein indre tryggleik og ei meining med livet. Høyr heile intervjuet og andaktene med Victor Haram.