Etter ei spanande SuperRadioGiv – veke på Radio Sunnmøre 16. -20. september endte resultatet på 169 000 kroner. Vi er svært takksame og audmjuke over gåvene som har kome inn, og den støtta lyttarane på Sunnmøre gjev Radio Sunnmøre som ein kristen lokalradio i området.
Frå og med 1. september har Radio Sunnmøre hatt eigen kanal på DAB 24/7. Ein eigen kanal som sender kvar time, heile døgnet, og som dei tilsette arbeidar ivrig med å fylle med kvalitet og godt innhald for våre lyttarar. Tilbakemeldingane er berre gode og støttande, og med resultatet på vekas SuperRadioGiv meinar vi at vi ein slik kanal er ynskja.
Sjekk ut vårt nye sendeprogram HER.
Dersom du ynskjer å bli FAST GIVAR gjennom heile året til dette arbeidet kan du trykke HER.
Og ynskjer du å lytte til våre innslag når du sjølv ynskjer det via vår podkast kan du trykke HER.
Fylgj gjerne Radio Sunnmøre på facebook og instagram.
Igjen, tusen takk for støtta!
Og dei heldige vinnarane av nokre flotte gevinstar vi har fått sponsa er:
- Stressless frå Ekornes – Annlaug Magerøy Aarseth
- Opphald i Spania – Arnhild Myren Gjerde
- Lastebil – Marit Inger Steinsbu
- Monopol – Nina Marie Fure