Full kalender med høgt engasjement for Irene Krokeide Alnes i november. Månaden starta med jubileumshelg i Oslo for Marit & Irene 50 år, vidare til innspeling for Bedehuskanalen og bøneseminar på Sandnes. Komande helg er det ny jubileumsfeiring på Valderøy bedehus og Straume Forum på Sotra. -Utruleg kva som veks ut av bønemøter, fortel Krokeide Alnes frå bønehelga i Sandnes.
I kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes får vi ein rapport over kva ho har vore med på i november.