Varmestua i Ålesund gjekk denne veka ut med at dei no må gå ned til ei matvareutdeling i veka. Noko av grunnen til det er at Tine, som har vore ein stor bidragsyter på meieriprodukt, legg ned sin produksjon i Ålesund, og at det er færre butikkar som har mat til overs. No treng Varmestua nye bidragsytarar. Åse Berg Grønvik, dagleg leiar ved Varmestua, fortel til Radio Sunnmøre at dei merkar interesse for saka etter at den kom ut. Nye bidragsytarar har meldt seg og det er behov for fleire.