Mandag reiste alle 83 elevane ved Vestborg vidaregåande skule på Stranda med buss til Trondheim. VM var målet og denne veka er dei med som funksjonærar med ulike oppgåver både utanfor og innanfor løypene. Vi tok ein prat med inspektør Lars Johan Stokken og elevane David Lundanes, Daniel Nome og Daniel Lothe om det som venta dei denne veka.