-Vi må snakke om evigheta, seier Irene Krokeide Alnes i vekas episode av Å bli ein kristen. – Det har nok i forkynninga vore gjort ein del urett mot menneske, når ein har forkynt helvete og fortapinga, så det er nok fleire som har blitt skremt. Men i vår tid så er kyrkja stille om helvete, medan verda brukar ordet i alle samanhengar. I skulegården, på arbeidsplassen og på tv så høyrer ein ordet helvete. Då tenker eg om dei som ropar det, tenk om dei kjem dit? Det er ei verkelegheit det og. Så vi må ikkje ta i frå folket håpet om eit evig liv, seier Krokeide Alnes.
– Ingen skal tvinge deg til Himmelen om du ikkje vil dit, men du skal få vite at moglegheita er der.
Høyr episode 14 i serien Å bli ein kristen på Radio Sunnmøre. Ein serie om kva det betyr å vere ein kristen og om korleis ein kan bli ein kristen.