Det blir måla eit bilete i media om tida som ligg framføre, med høge kostnadar og tøffare tider. Krinsleiar i IMF Sunnmøre, Johan Halsne, ynskjer i denne tida å fokusere på dei lovnadane Gud har gitt oss, og bringe håp i 2023.

-Det er for oss som kristne ei tid til å lyfte fram det som er håpet opp i alt, det som er uforanderleg. Dette er vår store moglegheit til å lyfte fram det som ikkje har ein kostnad, men som er gratis, og som er Guds lovnader som står fast i alle tider. Eg håpar vi har auger som ser moglegheitene, og eit hjarte som er slik sett i stand at det er medmenneskeleg og kan møte folk med dei behov dei har, seier Johan Halsne.