Prosjekt Løvetann starta opp i mars på Ellingsøya og er starta av Mats Grimsæth i samarbeid med blant anna Roger Hofseth. Prosjektet ynskjer fleire frivillege i alle aldre som kan vere med å hjelpe folk i alle aldre til å meistre livet gjennom praktisk arbeid.

-Eg var han som vart sendt på gangen og skulle tenke over kva eg hadde gjort. Det hjalp ingenting, det gjorde at eg skamma meg meir og resulterte i at eg skeia endå meir ut. Men eg hadde heldigvis lærarar som såg meg og let meg halde på praktisk. Etterkvart fann eg vegen min gjennom seiling og seilte etterkvart til Sunnmøre, fortel Mats Grimsæth. Han brenn no for å hjelpe andre ungdommar til å meistre livet gjennom praktisk arbeid på tomta på Ellingsøya gjennom prosjektet Løvetann.

-Prosjekt Løvetann skal vere ein arena med fokus på praktisk meistring, eit inkluderande lavterskeltilbod som skal forebygge utanforskap. Eg har sett i mitt arbeid med ungdom at det å sette dei i arbeid og å lære dei praktiske kunnskaper og tradisjonar, kan gjere at mange kan blomstre og å kjenne på meir meistring i livet, fortel Mats Grimsæth til Radio Sunnmøre.