Eit opprop på facebook med over 3000 medlemmer ynskjer at aldersgrensa på sosiale medier aukast til 16 år. Barnevakten er med i ei arbeidsgruppe saman med politikarar, dei som representerer sosiale media og andre for å snakke om korleis ein skal regulere aldersgrensene på dei ulike sosiale media. I eit intervju med Leif Gunnar Vestbøstad Vik, dagleg leiar i Barnevakten, fortel han at det no er ynskjeleg å lovfeste aldersgrensene. Ein har enno ikkje fastsatt kva aldersgrense ein skal lande på , men ein vil sannsynlegvis lande ein stad mellom 13 til 16 år og at ein skal ha ei lovfesta aldersgrense slik at det ikkje er berre foreldrene som får ansvaret på seg aleine å fylgje opp.

Høyr heile intervjuet med Leif Gunnar Vestbøstad Vik, dagleg leiar i Barnevakten.