-Vi ynskjer å vere ein skule for alle, seier avdelingsleiar for barneskulen ved Møre Barne og undomsskule Ålesund, Svein Ola Lillestøl. Lillestøl starta i jobben som avdelingsleiar 1. august i år, og har fleire gongar blitt utfordra på eigne fordommar han har hatt ovanfor kristne skular. Etter å ha starta i den nye jobben ser han at skulen er ein kvalitetsskule med eit spanande fagleg pedagogisk utviklings -og sosialpedagogisk arbeid. -Det er ikkje ein søndaggskule vi møter, men eit spanande pedagogisk arbeid, seier Lillestøl.

Det er fyrste året barneskulen har elevar på alle trinna frå 1.-4. klasse etter at den nye skulen starta opp, og gler seg til å fylle opp mellom trinnet frå neste haust.

Vi har tatt ein prat med den nye avdelingsleiaren Svein Ola Lillestøl, som inviterer nye elevar til å starte på skulen.