I 2022 hadde Radio Sunnmøre 9000 faste lyttarar kvar veke, det er nesten ei dobling av lyttarar frå året før. Og er dermed den nest mest lytta til lokalradioen på Sunnmøre i 2022.

Radio Sunnmøre har drive lokalradio på Sunnmøre i snart 40 år, men har berre dei fire siste åra hatt lyttartal frå Kantar. Likevel har lyttartala auka frå år til år, men frå 2021 til 2022 nærmast dobla dei faste lyttarane seg. I 2021 hadde hadde Radio Sunnmøre 5000 faste lyttarar kvar veke, medan talet for 2022 er oppe i 9000 lyttarr. Dermed er Radio Sunnmøre den nest mest lytta til lokalradioen på Sunnmøre i 2022.

– Dette er heilt fantastisk og også litt uverkeleg, fortel dagleg leiar i Radio Sunnmøre, Ragnhild Kristine Vartdal Espelund.

– Vi er ein nisjeradio, altså ein kristen lokalradio som held oss til eit konkret interessefelt når vi lagar saker til radioen. Likevel viser deg seg at det er eit breidt område der svært mange, og mest sannsynleg dei aller fleste har ei interesse for tema. Målet vårt er å vere mest mogleg lokale og prøve å dekke det som gjeld av kyrkje, bistand og misjon på Sunnmøre. Det avgrenser seg sjølvsagt med at vi berre har 1,5 årsverk til å utføre jobben i ei 24/7 sending. Men, vi arbeidar effektivt og godt vi som er i sving, legg Vartdal Espelund til.

Gode støttespelarar

I alle år har Radio Sunnmøre hatt gode støttespelarar som hjelp til med ulike oppgåver på frivilleg basis, både på den tekniske og funksjonelle sida, men og til praktisk gjennomføring av sendingar, arrangement og innsamlingar. Radio Sunnmøre er ein nisjeradio og mottek dermed ikkje særleg mykje offtenleg tilskot, det er heller ikkje ein kommersiell radio, dermed er radioen avhengig av økonomiske støttespelarar gjennom året. –

– Det er lyttarane enkeltvis sine økonomiske gåver som gjer at radioen går rundt, og har gjort det i alle desse snart 40 åra. Vi budsjetterer kvart år med at vi skal gå omtrent i null, og det er fantastisk at vi kvart år gjer akkurat det. Dei siste åra har vi også klart å kome over nullen med eit lite overskot, og det er vi svært takksame for til alle våre støttespelarar, fortel Vartdal Espelund.

– Vi ynskjer sjølvsagt å kunne vite at vi har faste inntekter, slik at vi meir kunne fokusere på å lage radio heller enn innsamling til radioen, så fleire faste givarar eller sponsorar hadde hjelpt svært på energien og kvaliteten. I tillegg er det ein stor draum å kunne auke årsverket til to og å kunne lage endå meir god radio, legg ho til.

Nære og aktuelle

Radio Sunnmøre fremmar at dei er ein lokalradio som ynskjer å dekke bistand, misjon og kyrkjeliv på Sunnmøre. – I våre sendingar arbeidar vi med å vere lokale i det meste vi produserer. Lokale intervju, lokale andakshaldarar og fremmar lokale musikarar. Vi set fokus på saker som engasjerer lokalt og det er noko vi ser våre lyttarar er interessert. Ikkje minst er spørsmål knytta til kristne verdiar, tru og liv, noko av det som vi ser er svært aktuelt og engasjerer, seier dagleg leiar.

– Vi har også heile tida eit fokus på å fornye oss og fylgje med på det som engasjerer i samfunnet.

I tillegg til svært gode lyttartal i 2022 er lokalradioen også aktive på internett med eiga heimeside, podkast og på sosiale medier.-

– I 2022 ser vi at vi nådde over 56 000 mennesker via facebook, hadde 40 000 brukarar innom heimesida og hadde 25000 nedlastningar på podkast. Dermed har vi i tillegg til gode lyttartal på Sunnmøre nådd ganske mange tusen mennesker. Og lyttartala er nok endå høgare sidan vi har mange lyttar utover Sunnmøre med våre sendingar via appen Radioplayer, avsluttar Vartdal Espelund.