I Noreg er det 17. mai som er vår store festdag, på Madagaskar er det 26. juni. Den dagen kjøper dei fleste seg nye klede og kosar seg ekstra med god mat. Dette er noko vi får høyre meir om i ein ny episode av Johanne på Madagaskar. Johanne Leinebø har også nyheiter om kva konsekvensar det får når Gud snakkar stadig nye språk blant folkegruppene i landet, ved at Bibelen vert forståeleg for stadig fleire.