I Israel har dei nett feira nyttår og gått inn i år 5783 etter skapinga av Adam og Eva. Dette vert gjort mellom anna med at alle bør høyre at det vert blese i bukkehorna (shofaren) minst 100 gongar kvar dag i høgtida. Eine sonen til Te’ena ben Haim er ein av dei som får lyd i shofaren og som slik bidreg til høgtidsfeiringa. Den 4. oktober (etter den vestlege kalenderen) feirast Yom Kippur, den store soningsdagen i Israel. Då står heile landet stille, endatil flyplassane er stengt. Midt i all høgtida og feiringa, har ei ny terrorbølge blussa opp i Judea og Samaria, som ofte vert omtale som Vestbredda.