Denne hausten har Åpne Dører fokus på dei som er på flukt for si tru, både i fakkeltoga og under Søndag for forfulgte. I følge FN er over 100 millionar på flukt, og det å ha ei anna tru enn fleirtalet er ein viktig grunn til at mange flyktar. Dette er underfokusert, og difor viktig å løfte fram – både offentleg og i menigheitsliv. I fleire land blir kristne pressa til å flykte frå heimane sine, som ein bevisst strategi frå forfølgarane. Hensikten er å utrydde kristen tru og praksis. I andre halvdel av programmet får du høyre korleis det er å flykte frå eit barns perspektiv. Dette er ei sterk forteljing om kva «lyset i mørket» har å bety i ein vanskeleg situasjon.