Pastor i Pinsemenigheten Betel i Trondheim, Erlend Indergaard var i år ein av dei som deltok i TV-programmet Farmen. Her skal deltakarane drive ein gard og leve slik som dei gjorde for eit hundre år sidan. Etter nokre veker vart Erlend valdt til såkalla førstekjempe, og etter å ha tapt i tvekampen måtte han forlate garden. Vi har prata med han om korleis det var å delta i Farmen, og om kva dei andre deltakarane tenkte om å ha ein pinsepastor på garden.