Olav Trygvasson fann levningane etter seljumennene og St. Sunniva i ei hole på Selje ved Stadt i år 997. I 2013 gjekk tre familiar saman og kjøpte ein gard på øya Selja for å ha tomt til å gjenreise det gamle klosteret som benediktinermunkane bygde på staden for omlag 1000 år sidan. I juli 2022 vart Venneforeninga for Selja Klostergard skipa, og med det er ein eit steg nærare å få bygd opp at det gamle klosteret. Ragnhild Helena Aadland Høen er styreleiar for foreininga, og ein av dei som har fått eit kall frå Gud om å vere med å bygge opp at klosteret ytterst i havgavet mot Stadt. Det var på Selja den kristne kyrkja i landet vårt vart født, og Ragnhild Aadland Høen er overbevist om at det også vil vere her det heile startar når Noreg igjen skal vende seg til Gud.