Vi er i gang igjen med våre faste samtalar med Te’ena ben Haim i Jerusalem. Etter gode ferieveker heime i Noreg er ho no tilbake i kvardagen i Jerusalem. På nokre skular i Israel går born frå både jødiske og arabiske familiar saman, men på dei fleste skulane har alle elevane same bakgrunn. Men når ungdommane kjem inn til militærteneste møtes ein på tvers av alle dei grensene som er mellom folkegruppene i Israel og vert på mange måtar rista saman. Te’ena skal snart sende både sin eldste son og si eldste datter til militærteneste, og i Israel er det å vere i militæret mei enn berre øvelsar og teori, nokre gongar vert det fullt alvor.