Halifax var ei av dei viktigaste havnebyane for konvoitrafikken mellom det frie Amerika og Storbritania og Sovjetunionen under andre verdskrigen. Mellom 25000 – 30000 skip seilte ut frå havna i Halifax. Dette er tema når vi snakkar med Steinar Engeset i serien vår Landgang i Canada. Han kan også fortelje at tyskerane plasserte ei nonne som spion i det lokale klosteret i Halifax.