Mange nordmenn fekk opplæring for å verte skyttarar på dei norske handelsfartøya som gjekk i konvoi over Atlanteren under andre verdskrigen. Camp Norway i Canada var ein av fire stadar rundt om i verda kor slik opplæring vart gitt. Steinar Engeset har engasjert seg sterkt for å ta vare på historia til krigsseilarane, og dette er tema i denne episoden av vår serie Landgang i Canada.