skrim

Tradisjonen tru skal Sunnmøre Kristelege Mannskor ut på songarferd denne hausten. Dette skjer laurdag og sundag 1. – 2. oktober.
Dirigenten Svein Eiksund har hatt ansvaret for koret i over 20 år. Vi har snakka med han om den komande turneen og om livet som dirigent for koret.

-Det er ein triveleg og levande gjeng å vere i lag med, det er som ei stor familie. Vi øver ein dag og reiser på turnè den neste. seier Eiksund. Han fortel vidare at korets mest kjende song er Himmelske Fader, med Randulf Saunes som solist. Den plata vart sunge inn på plate i Volda kyrkje på 50-talet og blir framleis etterspurd.

Korklangen er vårt høgste varemerke, seier Eiksund. Det er Godøya, Stranda, Sykkylven og Valldal som blir besøkt på denne turneen.