-Å alltid stole på Gud, fortel Paulina Foks er det viktigaste ho ynskjer å lære borna sine. Sjølv har ho fått oppleve å ta imot Jesus, og å få kjenne kor godt det er å kunne stole på Gud. I eit intervju på Radio Sunnmøre fortel Paulina om då ho vaks opp i ein barndom med vald og alkohol. Ho vaks opp i ein katolsk heim og kjende ikkje Jesus. Det var fyrst då eit team frå Noreg var på besøk i byen der ho budde at ho fekk høyre om Jesus, og til slutt fekk eit personleg møte med han.

Høyr den sterke trushistoria til Paulina Foks på Radio Sunnmøre.