Gunnar Hamnøy er tilbake i Afrika, og i dag tok vi ein telefon til han medan han var på eit tog på veg til Mombasa. På ei mindre god telefonlinje høyrer vi ein engasjert Hamnøy fortelje om at han denne veka har fått vore med på den formelle opninga av byggeprosessen for Mailaika Villages. Eit senter for 128 born, der det skal bu åtte born i kvart hus på 110 kvadratmeter saman med ei mor, og det skal også byggast ein skule for 200 born. Det er mange i Møre og Romsdal som er med å gjere dette mogleg, både skular, bedriftar og enkeltpersonar.

Vi høyrer ein liten rapport frå Gunnar Hamnøy direkte frå Afrika på ein togtur han hadde til Mombasa onsdag morgon.