I august 2021 fekk Geir Henning Tunheim den tunge beskjeda om at han hadde fått kreft. Gjennom fleire månader med cellegift og behandling var det tungt å lese i Bibelen og til tider be sjølv. Det var då Geir Henning, kona og dei fire borna, fekk merke at Gud likevel var der gjennom at familie og vener kom med middag, laga bursdagsselskap for borna og hjalp til med bringing og henting. Dei små tinga som ein storfamilie ikkje lenger kunne klare aleine fekk dei god hjelp til av folk rundt som såg dei.

Geir Henning kallar menigheta si for sin andre familie, og ser med takksemd på alle rundt seg i den tunge tida med sjukdom. Etter jul fekk Geir Henning beskjed om at han no er kreftfri, og skal trene seg tilbake til ein vanleg kvardag.

Høyr Geir Henning Tunheim fortelje si trushistorie frå ei tid med sjukdom og behandling.