Frå 10. juli og fire veker fram blir det sommarradio på Radio Sunnmøre. Det er også ferie for å sende inn annonseringar til sendingane og andre tips. Men, har du noko på hjartet så er det berre å sende ein epost eller ta kontakt på facebook, så vil vi likevel svare sporadisk.

I heile sommar er vi på lufta 24/7 på Radioplayer og via internettradio med vår sommarradio. På FM og DAB får du dei vanlege sendingane, men i ein sommarvariant.

Som nokre tips til deg som vil ha noko godt å lytte til i løpet av ferien, så kan vi anbefale fylgjande:

SKAPELSEN – ein serie på fleire episoder om skapelsen. Og du finn alle episodene HER.

Å BLI EIN KRISTEN – ein serie om det å bli ein kristen og kva det vil seie å vere ein kristen. Serien finn du HER.

Vi kan også anbefale nokre av intervjua som flere tusen allereie har høyrt:

UNGDOMSVEKKELSE I MØRE OG ROMSDAL

VI ER IKKJE ÅLEINE

UTFORDRET AV GUD TIL Å REISE TIL SUNNMØRE

Og du finn fleire flotte vitensbyrd, aktuele saker og andakter om du besøker vår podkast Radio Sunnmøre.

Vi gler oss til ein ny og spanande haust saman med DEG!

God Sommar frå Radio Sunnmøre!

Vi er tilbake med vanlege sendingar frå og med 7. august.