Med enkle ord og korte setningar formidlar Anders Henrik Giske Veddegjerde (45) visdom, tankar og undring om både tvil, tru, politikk og livet i ei heilt ny diktbok. Giske Veddegjerde er opprinneleg frå Giske, men bur no på Ellingsøya saman med kone og barn. Han har i fleire år arbeidd som assistent/miljøarbeidar på ungdomsskulen, og har på eige initiativ dei to siste åra laga ein ungdomsklubb heilt aleine for øyas ungdom ein gong i veka. Han brenn for ungdomen og det kjem 50-70 ungdom kvar veke til treffpunktet.

Hausten 2022 starta med at Giske Veddegjerde fekk ei alvorleg kreftdiagnose, og på slutten av året gav han ut dikta han i fleire år delte på facebook i bokform. Gjennom dikta formidlar Giske Veddegjerde det han er oppteken av og sjølv undrar seg over. Han formidler mykje om tru og tvil i fleire av dikta sine, og har ofte ein positiv tone. Sjølv med ei alvorleg kreftdiagnose hengande over seg seier han at trua på at der er noko større enn menneske, og trua på ein Gud og Jesus som er med heile vegen, ligg der til grunn, sjølv om han blir utfordra kvar einaste dag.

Diktboka Vi er ikkje åleine er trykt opp i andre opplag, og Giske Veddegjerde har ein plan om å gi ut diktbok nummer to i løpet av året.