Forrige veke var det opning av to store byggeprosjekt for NSP Aid i Kenya. Dagleg leiar for NSP Aid, Gunnar Hamnøy, var med då det fyrste spadetaket vart satt for barnelandsbyen Malaika Villages og for ein stor gård som skal produsere mat for NSP Aid sine prosjekt i Kenya.

Ein svært engasjert Hamnøy fortel om både dans, korpsmusikk, og storsamling av folk under opning av prosjekta. Berre etter ei veke var også bygging av sikkerhetsmur og det fyrste huset i barnelandsbyen godt påbegyndt.

Høyr intervjuet med Gunnar Hamnøy som nyleg har vore i Kenya.