– Det er viktig for meg å få leve nær menneske, fortel Kristine Hurlen i eit intervju på Radio Sunnmøre. Ho fortel kor viktig det er for henne å få dele tru og ekte liv, og kor mykje arbeidsplassen hennar i Frelsesarmeen har å bety for henne.

Gjennom Ålesund gatefotball og Stedet får Kristine vere med å hjelpe mange menneske i Ålesund og omegn, og dette arbeidet har også hjulpe henne sjølv gjennom ei tid med angst. I dag hjelp ho mange menneske i eit viktig etterverntilbod som Frelsesarmeen tilbyr.