30 dagers bønn for verdens muslimer»

2.april går millionar av muslimar verda over inn i Ramadan, fastemånaden. I 30 dagar skal dei faste og be, og med hengivenheit søke Allah. I dette programmet fortel Olaug Lillian Bjørke om ein annan bønebevegelse under Ramadan: Kristne over heile verda vil i Jesu namn vende seg til Gud og be – nettopp for muslimane! «30 dagers bønn for verdens muslimer» er ein internasjonal, felleskristen bøneaksjon som starta for 30 år sidan. Det er spesielt å tenke på at i same periode har det vore vekkjing i den muslimske verda. Mange muslimar har møtt Jesus i draumar og syner, og blitt etterfølgjarar av han. To av desse er Kady og Amina frå Mekka! Deira utrulege historie får du høyre i andre halvdel av programmet, etter at Marte og Ole Kristian Sameien har sunge «Har du møtt han?» Historia til Kady og Amina finn du i boka «Modige kvinner» av JoAnne og Tom Doyle, utgitt på Lunde forlag i 2021. Vil du lese meir om 30 dagers bønn, sjå www.30dagersbonn.no

Ta gjerne kontakt med Åpne Dører om du ønsker bøneheftet tilsendt i posten.