Det å ha respekt i møte med kvarandre sitt livssyn kan vere utfordrande for mange. Vebjørn Selbekk, sjefredaktør i Dagen, er ofte delaktig i debattar der dei kristne verdiane og livssynet blir utfordra. Då han deltok i Farmen fekk han på nært hald oppleve å dele kvardagen med menneske som har eit ulikt syn og ei anna tru enn han sjølv har som konservativ kristen. Dette lærte han sjølv mykje av, fortel han i eit intervju på Radio Sunnmøre.

Mandag 6. februar blir Vebjørn Selbekk med på Radio Sunnmøre sin inspirasjonssamling på Valderøy bedehus, og i eit intervju med Selbekk får vi ein liten smakebit av kva denne kvelden vil by på.