Det å skulle sitte i karantene i 15 dagar før ein får starte å jobbe er ikkje berre enkelt, og då gjeld det å ha eit godt dagsprogram. No i ventetida, som adventstida er, får ekteparet Lothe kjenne ekstra på det å vente.

I vekas episode av Sjømannspresten tek vi ein prat med Annstein Lothe. Han er til dagleg sjømannsprest i Sjømannskyrkja i Pattaya i Thailand, og for tida er han og kona i karantene for å kunne reise inn i Thailand etter ein ferie i Noreg.