Den nyoppretta foreininga Kingdom Light Creation ynskjer å lage eit nytt kristent gamingkonsept, med hensikt å nå ikkje-kristne og å utruste disipplar. Iver Olaf Grimstad er mannen bak denne idèen og prosjektet her heilt i startgropa. Målet for foreininga er å arbeide for å skape kristne online-spel og anna trus-materiale som har ein underhaldande og samtidig opplærande funksjon.

Grimstad har fleire tankar om korleis dette spelet skal vere, men ynskjer no å kome i kontakt med fleire som kan hjelpe både med det teologiske innhaldet, utforming og skaping av eit nytt gamingkonsept.

Høyr heile intervjuet med Iver Olaf Grimstad på Radio Sunnmøre.