Gud er den perfekte tilrettelegger og det er alltid spennande og sjå kva han vil gjera i liva våre i løpet av ein heilt vanleg kvardag. Dette er noko av fokuset Ord til ettertanke i veke 42. Marie Helene Høyberg har vokse opp i Brumunddal, men har no flytta til Valle på Sunnmøre saman med familien. Til dagleg arbeider ho med filmproduksjon og så har ho eit stort engasjement i frivillig kristent arbeid.