Tysdag var det årets siste styremøte for Radio Sunnmøre og på møtet vart økonominemda invitert med. Økonominemda er ei nemd av frivillege medarbeidarar som i nær 30 år har arbeidd med å hente inn gevinstar, kome med kreative innslag til å skape inntekter for Radio Sunnmøre, og å arrangere den store radiomessa.

Are Bakke har vore med i Radio Sunnmøre i over 30 år som frivilleg medarbeidar både som styreleiar, styremedlem og dei siste åra i økonominemda. Der har han både baka lefser, laga multesylte, henta inn gevinstar og bidrege med radioinnslag. Reidar Fiske har vore med i over 20 år i økonominemda med å skaffe gevinstar, telefonvakter, radiomessa og organisere lotteriet. Oddveig Molnes har etter at ho slutta som dagleg leiar i radioen dei siste ni åra vore med i økonominemda og hatt hovedansvaret for radiomessa. I tillegg har ho vore med som frivilleg i radiosendingane og vore med i det aller meste som skal skape eit inntektsgrunnlag for Radio Sunnmøre.

Tysdag 5. desember vart ein emosjonell dag der vi takka både Are, Reidar og Oddveig for ein fantastisk og enorm innsats alle desse åra i økonominemda. Dei har tatt ansvaret på alvor i mange år og er engasjerte og trufaste radiovener.

I 2024 vil Radio Sunnmøre jakte på nye medspelarar til radiomessa, og vi håpar at dei som då blir spurt om ei oppgåve vil kjenne på det med takksemd. Og om ein ikkje skulle bli spurt, men kjenner at ein har lyst å bidra, så er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt med radioen.