-Vi tek mykje av det vi har for gitt, og det har eg tenkt mykje på i ettertid kor bra vi har det her i Spjelkavika, fortel Kristianne Langeland. Ho er elev ved Spjelkavik vidaregåande skule og har nyleg besøkt slummen i Kenya. Det gjorde sterkt inntrykk på henne å sjå kor store kontrastane er mellom jamnaldrande i Kenya og hennar eige liv i Spjelkavika. 

Sarah Hoddevik, elev ved Borgund vidaregåande, var også med på turen. Opplevelsane på turen var sterke, og Hoddevik fortel at ho i ettertid tenker meir over kva ho har og kva ho brukar pengar på. Verken Hoddevik eller Langeland har vore i Afrika tidlegare, og møtet med kulturen, landet og arbeidet til NSP Aid i Kenya gjorde sterkt inntrykk på jentene.

I eit intervju på Radio Sunnmøre får du høre begge fortelje frå turen til Kenya.