Etter 2,5 år med innspeling av Bibelpraten på Radio Sunnmøre, har vi no nådd 100 episoder. I fyrste episode starta vi i 1. Mosebok, og har gått gjennom den raude tråden heilt til Johannes Openberring. I serien har vi stillt spørsmål om det som står i Bibelen for å kunne prøve å forstå litt meir om kva desse bøkene betyr for oss idag. I serien har Ragnhild Kristine Vartdal Espelund hatt ein samtale med Johan Halsne og Arild Ove Halås om ulike tema frå dei ulike bøkene i Bibelen.

100 episoder

Etter no å ha nådd 100 episoder har vi kome fram til at vi ynskjer innspel frå deg som lyttar på ulike spørsmål eller tema som du kan tenke deg å høyre tankar rundt. Då oppfordrar vi til å sende inn det du tenker på til post@radiosunnmore.no, eller du kan sende ein SMS til 41928175. Det er også mogleg å bruke facebook til å kontakte oss.

Det er viktig å snakke om det ein tenker på og det er viktig å stille spørsmål. På den måten kan ein oppdage nye ting, eller at nokon ting blir meir klart for ein. Vi ynskjer å inspirere til å lese meir i Bibelen, Guds Ord.

Ta kontakt på post@radiosunnmore.no, SMS:41928175 eller via facebook: Radio Sunnmøre.

HER kan du høyre alle 100 episodene av Bibelpraten.