Rev. John – alias Jon Ultvedt – er pastoren som vart omvendt til bluesen og som sidan har har spelt like naturleg på bluesklubbar og puber som i kyrkjer og bedehus. Ultvedt kjem opprinneleg frå Halden, har budd i Skien og bur per i dag i Mysen i Indre Østfold. Han kjem til Herøy kyrkje 20. oktober og Ålesund Vineyard 28. oktober for å halde konsert. Då vil han spele frå tidlegare utgivingar, men også frå sitt nye album «Strange Things» som skal sleppast 4. november.

Radio Sunnmøre har tatt ein prat med Rev. John for å høyre meir om kven han er og musikken han spelar.