Forrige veke fekk Marit Stokken Berland og Irene Krokeide Alnes endeleg kome tilbake igjen til Halden og ha møter. Då koronapandemien kom til Noreg 12. mars for to år sidan måtte dei avslutte ein pågåande møteaksjon. Sidan den gong har lokale folk hatt faste bønemøter kvar veke, og no fekk Marit & Irene endeleg kome tilbake igjen. -Det betyr alt, fortel Irene om at det er folk som ber kontinuerleg lokalt. I kvardagspraten med Irene Krokeide Alnes får vi høyre meir frå denne veka.