-Det er veldig viktig å møte dei og å ta dei på alvor. I ein slik samtale må du tydeleg plassere ansvar. Og veldig kommunisere at det var vårt (Normisjon) sitt ansvar, fortel Rolf Kjøde om tida som generalsekretær i Normisjon i møte med misjonærbarna. Kjøde var generalsekretær i Normisjon i 2003-2014 og på den tida hadde forgjengaren hans allereie starta ein god prosess med å lytte til misjonærborna, som på ulike måtar hadde opplevd tida på internat krevjande.

Dei siste åra har har Misjonssambandet fått stor mediedekning og kanskje særskilt etter podkastserien med tittelen Misjonærbarna. Det er fleire misjonsorganisasjonar som har hatt internatskule og fått varslingsaker mot seg, men det er særskilt Misjonssambandet som dei siste åra har fått den største belastninga i media. Det trur Kjøde kan ha med størrelsen på organisasjonen å gjere og at det kan vere vanskelegare å få oversikt når portefølja er så stor som den er for Nord-Europas største misjonsorganisasjon. På spørsmål om kva som må til for at det skal bli ro i denne saka, også for Misjonssambandet, trur Kjøde at ein må ta den tida som trengst og å lytte seg ferdig.

-Det er farleg å gå i forsvar for ei forvaltning, som har blitt gjort tidlegare. Ein må våge å møte uretten og plassere ansvaret, fortel Kjøde. Og i sakene Normisjon hadde i tida Kjøde var generalsekretær var det viktig for han å plassere ansvaret på det som hadde skjedd hos Normisjon. – Uretten i det er så enorm og det må ein berre våge å møte, seier Kjøde.

Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre.