Den nye pengespellova forbyr ifylgje Lotteritilsynet kringkastarar, tv og radio, alt av loddsal i form av basar, åresal og lotteri. Dette betyr for Radio Sunnmøre ei tapt inntekt på opp mot ein halv million kroner i året. Kvart år har lokalradioen på Sunnmøre hatt eit årleg lotteri frå juni til august, med ei samla inntekt på opp mot 200 000 kroner. Og på hausten har ein hatt ei Radiomesse, der delar av inntekta frå arrangementet har kome av åresal og basarbok. Dette er no ifylge den nye pengespellova ikkje lenger lov, og for 2024 må Radio Sunnmøre tenke nytt på inntektssida.

-Dette er for Radio Sunnmøre svært kritisk og gjer at vi må tenke nytt. Vi kan framleis sjølvsagt ta i mot gåver, både store og små, og håpar at lyttarane i like stor grad vil stille opp for radioen. Det ein dei tidlegare åra har brukt på lotteriet i radioen, det håpar vi no at lyttarane vil vere med å gi når vi no må ha fleire RadioGiv i løpet av året, fortel Ragnhild Kristine Vartdal Espelund, dagleg leiar for Radio Sunnmøre.

-I tillegg så er det svært mogleg å signere seg som fast givar til Radio Sunnmøre. Det gjer at vi er sikre på kva inntekter som kjem inn kvar månad og at rekningane kan betalas, legg dagleg leiar til.

Radio Sunnmøre må i tida som kjem vere kreative når det gjeld innsamling av midlar. Og håpet er at lyttarane vil vere med på dei fleire innsamlingsaksjonane som må til for å halde budsjettet og arbeidet oppe.

-Større sponsorar til radioen hadde også letta arbeidet mykje og vi er svært takksame for dei trufaste sponsorane som har vore med dei siste åra. Tusen takk til alle som støttar Radio Sunnmøre. Vi set stor pris på kvar og ein som er med både med små og store gåver, avsluttar Vartdal Espelund.

Vil du gje ei gåve til Radio Sunnmøre kan du gå HER.