-Du er sett av Jesus i dag og, seier Marit Stokken Berland i Kvardagspraten.

I 47 år har Marit Stokken Berland vore tilsett i Indremisjonsforbundet, noko ho fekk heidersmedalje for under årets leiarkonferanse i Bergen 6.november i år. Vi måtte sjølvsagt i vekas prat høyre korleis Marit opplevde å få denne heideren.

-Eg har ikkje ord, seier Marit Stokken Berland, og legg til si takksamheit ovanfor alle forbedera, heimane ho har fått budd i, unge og eldre ho har fått møtt, og kallet ho har fått.

Nyleg har Marit vore på Leknes og haldt møter, og vi får også høyre frå denne siste veka. Høyr kvardagspraten med Marit Stokken Berland på Radio Sunnmøre.