Under årsmøtet i ImF Sunnmøre la eigarstyret til Sjøholt Folkehøgskule fram eit konkret forslag til vedtak om å selje ein eller to leirstadar for å kunne bruke overskotet til å hjelpe folkehøgskulen med dei store overskridingane som no har kome på det opprinnelege budsjettet. Budsjettet etter nye prosjekteringar starta på 65 millionar og er no kome på 103 millionar kroner.

-Det har vore nokre uheldige overskridelsar no i siste fase, som er for alvorlege og dramatiske, fortel generalsekretær i Indremisjonsforbundet (ImF) og styremedlem for eigarstyret i Sjøholt folkehøgskule, Erik Furnes.

Sjøholt Folkehøgskule starta budsjettering på 40 millionar kroner for å pusse opp den gamle husmorskulen på Sjøholt. Deretter vart det fyrste reelle prosjektet lagt fram på 65 millionar kroner, som då var prosjektert for 90 elevar og nye internat, samt renovering av hovudbygget. Deretter har det vore ei kalkulert overskriding ut i frå at ein valde å bygge ut for energiøkonomiserande tiltak, etterisolering, borre etter grunnvarme mm. I tillegg har det kome konsekvensar av prosjekteringsfeil, prisstigninga på byggemarkedet, koronarelaterte utfordringar og feilbudsjettering frå entrepenørar. Sluttsummen har hamna på ei kostnadsramme på 103 millionar kroner, noko som er langt over det ImF som eigar aleine kan klare å handtere.

-Ein må berre beklage i forhold til misjonsfolket og andre som har gitt oss tillitt, at vi har kome dit vi har kome, og det set ImF som orginasasjon og våre støttespelarar i ein vanskeleg situasjon, seier Furnes.

Ein skule å satse på

-Visjonen vi starta med at det skal vere ein kristen skule, ein diakonal og samfunnsbyggande skule, det ligg der. Vi har fått ein ny skatt mellom oss. Det er ikkje berre endå ein ny friskule på Sunnmøre, men ein stor berikelse og ei stor hjelp for dei elevane som har starta der, seier Furnes om skulen som starta opp med 26 elevar og 17 tilsette hausten 2021. Sjøholt Folkehøgskule er einaste folkehøgskule i landet for 16 åringar.

ImF har no lagt fram søknad til banken med pant i andre eigedomar ImF har for å garantere ferdigstillelse. I tillegg utfordrar ein enkeltpersonar som kan sitte på meir kapital.

Høyr heile intervjuet på Radio Sunnmøre med generalsekretær i ImF Erik Furnes.