Tanya Grynyk har fleire gongar vore i Noreg, sidan ho har ei syster med familie på Sunnmøre, og dermed kan godt norsk. I eit intervju over messenger torsdag 3. mars fekk vi høyre om korleis det er i byen ho bur i saman med mannen, foreldre, barn og barnebarn. Og vi får høyre om kvifor ho og familien enno ikkje har flykta ut av landet.

Flyktningar strøymer til byen

Tre-fire gongar om dagen og natta går familien ned i kjellaren når flyalarmen går. Byen dei bur i har ikkje blitt berørt direkte av raketter, eller blitt direkte invadert av russerarar per no, men nær 90 000 flyktningar har kome til byen frå aust og sør. Auka med flyktningar skjer frå time til time.

Tanya og familien har til no valgt å ikkje flykte frå landet, sidan mannen, son og svigerson er mellom 18 og 60 år. Og fordi dei er kristne og har valgt å vere igjen for å hjelpe til med dei behov som er, som er mange og varierer frå dag til dag.

Sjølve byen har per no mat i butikkane, drivstoff på pumpene og vatn i kranene. Men flyktningane som kjem treng både tak over hovudet, kle, mat og medisiner. Dette hjelp Tanya til med som ei forlenga hand av det Ukrainahjelpen i Ålesund samlar inn pengar til.

Bøn er viktig

Tanya er personleg kristen og fortel i intervjuet at ho ikkje er redd i den situasjonen som dei er i no. Alle menneske skal dø, men så lenge dei har eit håp etter døden som kristne, så er dei ikkje redde. 

-Det hjelper ingen å vere redde, fortel ho. Vi skal alle dø etterkvart, og så lenge vi har Håpet, så er vi ikkje redde, seier Tanya i eit intervju med Radio Sunnmøre. Ho fortel at dei har bønemøter kvar dag, og at bøn er veldig viktig for dei.

Høyr heile intervjuet med Tanya Grynyk på Radio Sunnmøre.

For å gje ei hjelpande hand direkte gjennom Ukrainahjelpen v/Oksana og Kurt Andrè Henriksen, kan du bruke VIPPS: 619635 eller Kontonr: 3910.25.37487 eller ringe dei direkte på tlf: 99615789/99044340